e-post

Leige betingelser

Leigetakar:
Leigetakar og førar må være fylt 25 år og ha hatt gyldig førarkort i minimum 3 år.
Depositum/Leige
Depositum er kr 8.000,- 50% av dette skal innbetalast ved bestilling. Leige og resterande depositum betalast inn før overlevering av bilen. Depositumet er ikkje en del av leiga og betalast tilbake ved skadefri levering av bilen.
Inkludert i leiga er 300 km i døgnet, 2100 km pr veke. Utover dette vert det belasta kr 2,- pr km
Bobilen har full tank ved utlevering og skal leverast tilbake med full tank.
Ut/innlevering:
Utlevering mellom kl 14.00 og 18.00
Innlevering mellom kl 09.00 og 11.00
Ved for sein levering kan dette gå ut over neste leigetakar og vi vil derfor måtte belaste eit gebyr på kr 400,- pr time.
Bøter/avgifter:
Parkeringsbøter, fartsbøter, ulovelige bom passeringar og liknande eller ulovelig bruk av avgiftsfri diesel belastast leigetakar i si heilheit. Etterfakturering av automatiske bomavgifter skal meldes frå ved innlevering av bobilen.
Leigetakars ansvar:
Bobilen gjennomgår ein kontroll før utlevering. I leigeperioden har leigetakar ansvar for bobilen ved bl.a å kontrollere/ etterfylle olje, kjøleveske luft o.l. Vi forutsett ein forsiktig behandling av bobilen slik at turen blir vellykka.
Bobilen er røykfri og dyrefri
Dersom uforutsette problem oppstår, er leigetakar pliktig til å ta kontakt med Valldal Camping for å løyse problemet. Det vert ikkje gitt erstatning for eventuelt redusert bruk av bobilen dersom feil og manglar bare vert rapportert ved tilbakelevering.
Avbestilling:
Ved eventuell avbestilling av leige vert eit gebyr på kr 2.000,- trekt av innbet. depositum. Dersom avbestillinga skjer mindre enn 30 dagar før avreise må 50% av avtalt leigesum betalast, og ved av-bestilling 7 dg før, må avtalt leige betalast inn dersom vi ikkje får leigt ut bilen den avtalte perioden.
Havari:
Utleigar gir ikkje erstatning for tapt ferie/arbeidsforteneste dersom det oppstår skade, motorhavari eller liknande på den bestilte bobilen. Innbetalt depositum og leige vert då uavkorta tilbakebetalt. Dersom det oppstår skade/feil undervegs får leigetakar refundert leige for det antall dagar som bobilen er til reparasjon om forseinkinga vert over 12 timar. Vi gir ingen refusjon dersom det er leigatakaren som er skuld i feilen.
Forsikring:
Kasko og ansvarsforsikring er inkludert i leigeprisen. Ved ansvar eller kaskoskader må leigetakar betale eigenandel på inntil kr 8.000,- pr. skade. Forsikringa dekker bare utstyr som høyrer til bilen ved tjuveri eller ran. Leigetakaren bør teikne eiga reiseforsikring. Leigetakar må dekke alle utgifter ved feil påfylling av drivstoff, fylling av drivstoff på tanken for reint vatn, bruk av farga diesel, skade på utvendig markise eller anna skade som leigetakar er ansvarlig for og som ikkje vert dekka av kas-koforsikringa.
Bobilen er tilknytta IF veghjelp. Veghjelpsbevis ligg saman med vognkort, der finn du opplysningar om telefonnr og liknande.
NB. Ved skade må det fylles ut skademelding.
Reingjering/Tømming:
Bobilen skal leverast reingjort innvendig og utvendig. Ved mangelfull reingjering vert det belasta følgjande satsar:
Utvendig vask: kr 1000,-
Innvendig vask: kr 1500,-
Vask av kjøkkenutstyr: kr 500,-
Tømming av toalett og spillvanstank: kr 1500,-
Bobilen skal berre vaskast med såpe og vatn.
Det skal ikkje brukast kjemikalier, høgtrykk eller vaskemaskin.
Microfiberklutar bør ikke brukast, da det gjør vinduer og andre plastflater matte.
Om du vil at vi skal ta rengjering/tømming, skal dette avtalast på førehand.

Last ned leiebetingelser som pdf.